Minneord – Arnfinn Staurheim

– Eit glimt i auget og støtt tid til eit godord blei høgt verdsett av så vel vaksne som elevar, skriver kameratgjengen.

Publisert

Dei fleste vil hugse bøheringen Arnfinn Staurheim som ein kar med godt humør og stor sans for humor. Han hadde eit stort lager av «risper» og historier, stev og songar, og blei lett eit naturleg sosialt midtpunkt der han var, anten det var saman med vaksne eller ungar, kollegaer eller kameratar. Der Arnfinn var, satt smil og latter laust. Og kom Arnfinn på besøk i ein heim med småungar, vart det liv i stoga!

Som lærar og rådgivar ved Lunde 9-årige skole var Arnfinn svært godt likt. Han var ein lærar med fagleg tyngde, og med eit spesielt godt tak på elevane. Det var mange ungdomar som fekk del i den nordiske viseskatten når Arnfinn hadde med gitaren. Og var han i riktig storform, kunne han slå til med flamencospel!

Eit glimt i auget og støtt tid til eit godord blei høgt verdsett av så vel vaksne som elevar. Dette var noko som han òg tok med seg inn på arbeidsplassen. Som kollega var han ein som alle var glad i. Ofte kunne han kome med treffande kommentarar – men alltid utan å vere stygg eller slem. Noko som kjenneteikna Arnfinn var at ein kunne snakke med han om alle ting utan at han var negativ eller fordomsfull. Han var ein god og trygg lyttar og sparringpartnar, både i faglege og personlege spørsmål.

Då han var på høgda som kvedar, vann han klasse A i kveding på landskappleiken. Høgare rangering kan ikkje ein kvedar oppnå. Kunnskapen han hadde om folkemusikk og utøvarar var enorm. Han var òg ein viktig samlar av folkemusikk, og hadde ei tid eit timelangt program om folkemusikk i nærradioen i Bø kvar veke.

Men Arnfinn var ein tradisjonsberar på fleire måtar. Han var medeigar i Kråkeroe-eigedomen øvst i Åmotsdal. Her hadde det i fleire hundreår vore ein støyl med dyr på beite, ysting og smørlaging, men drifta hadde lege nede i nokre tiår. I 2013 fekk Arnfinn ordna det slik at familien Aasan i Flatdal fekk take over eigedomen, slik at dei kunne bygge opp setra og starte oppatt drifta. At det igjen kom dyr og liv til Kråkeroe var noko av det finaste Arnfinn fekk oppleve på eldre dagar, og han sette stor pris på å kunne komme dit om somrane og sjå kor fint det hadde blitt.

For oss kameratar var Arnfinn eit samlingspunkt, raus og gjestfri som han alltid var. Forutan våre visittar mest kvar veke møttest vi til gode måltid, som oftast eit par gonger i året, ved midtsommar og juletid. Kultur av eit eller anna kaliber var alltid ein vesentleg del av festlegheitene. Arnfinn var sjølv ein «matens meister». I fleire tiår var han ein sjølvskriven kokk for festane – eller rettare kjøkkensjef – og nåde den som ikkje tok kjøkkenassistentjobben på alvor! Resultatet av kokkekunsten var alltid framifrå, og stemninga høg.

Arnfinn var ein sann livsnytar, med sans for dei gode tinga i livet, både det som trong tygging og anna. Gjennom mange år var han derfor sjølvskriven ideologisk leiar for eit bryggelaug i Bø. Karane her hadde mange morosame møte i samband med brygginga sine mangfaldige og finurlege trinn og prosessar. Og resultata vart som oftast både velsmakande og vitaminrike. I samband med dette må Irland nemnast – eit land Arnfinn likte å reise til. Matkulturen og pubkulturen, med alle sine musikalske innslag, appellerte sterkt til han. Det var sjeldan han ikkje tok del i musikken med si framifrå kveding. Og det vart stille i puben når han song, og applausen etterpå var stor. På dette viset fekk han òg mange vener. Nokre av dei kom på besøk til han for å høyre meir, og for å vere med på festivalar her.

Dei siste åra skranta helsa ein del for Arnfinn. Vi høyrte aldri nokre klager, men det blei etter kvart vanskeleg for han å bu heime. Så fekk han plass på bygdeheimen på Gvarv, der han treivst godt. Maten her var god, og jentene var både snille og fine, sa han. Til det siste var han klar i hovudet, og hugsa godt. Særleg lett gjekk praten når han og barndomsvenen Arne fekk snakke om oppveksten i Eikjabygda. Då var det ikkje alltid så lett for andre å henge med, men moro var det å lytta. Mot slutten blei Arnfinn fort sliten av besøk. Då fekk vi grei beskjed om å gå, men vi var alltid velkomne igjen.

Det er mange ord som fell ein i hug når ein tenker på Arnfinn. Kjernekar, heidersmann eller andre fine karakteristikkar. For oss kameratar er det ordet ven. Vi har no mista ein av våre aller beste vener. Saknaden og tomrommet er der. Men minnet vil leve vidare. Fred med Arnfinns minne.

Owe Dahlseng, Arne Myhre, Halvor Nordbø, Tor Arne Skomedal, Torgeir Hefre, Gunleik Smedstad og Per Harald Hermansen

Powered by Labrador CMS