Opplagsvinner i Vestfold og Telemark!

Harald Ovenstrøm har sammen med Liv Ovenstrøm skrevet et innlegg i debatten rundt budsjettforslaget fra kommunedirektøren.
Harald Ovenstrøm har sammen med Liv Ovenstrøm skrevet et innlegg i debatten rundt budsjettforslaget fra kommunedirektøren.

Om nedlegging av Lundetunet og bibliotekfilialen og litt om private vegar

– Viss ein forsøker å sette verdi på dei mange fordelane Lundetunet utgjer for lokalmiljøet og så gjer ei enkel kost/nytte-analyse, så trur eg fortsatt drift vil stå seg godt, skriver Liv og Harald Ovenstrøm i sitt leserinnlegg om budsjettforslaget.

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Me gjorde store auger her i huset da me leste Kanalen sist torsdag om kommunedirektørens kuttforslag. For gjennom avisoppslag hadde me fått eit inntrykk av at kommuneøkonomien var god. Ja, ting skiftar fort. Så nok ein gang blir det striskjorte og havrelefse.

Ikkje lenge etter at me hadde komme oss over sjokket, ringte telefonen. Ho som ringte hadde også lest dette stykket og meinte at nå måtte Lundeheringane verkeleg stå fram og protestere med all kraft. Mellom anna bad ho meg ta «pennen fatt». Om dette hjelper er kanskje litt usikkert, men det hjelper lite å la vere.

Som både politikarane og administrasjonen kjenner til, så er Lundetunet svært viktig for oss. Kanskje spesielt når ein har kome litt opp i åra. 30 årsmarkeringa her om dagen viste tydeleg kor mykje dette tilbodet betyr. Dette gav også  ordførar Linda tydeleg uttrykk for i si helsingstale.

Lundetunet er ikkje bare viktig for dei mange som mest kvar dag kommer dit for morgonkaffe og noko å bite i, og middagsmat litt utpå dagen, men også for dei som søker dit for ein prat, litt selskap. Enkelte lever ein stor del av sitt sosiale liv der. Og der treffer dei ein betjening som dei føler seg vel meg; Janne og dei mange frivillige ho har til hjelp.

Takka vera Lundetunet så kan eldre klare å bu heime litt lengre når dei får kjøpt seg mat på Lundetunet, næringsrik og rimeleg. Og husk: I vår del av kommunen finns ikkje noko  «Ulefossenter» som kunne fylle eit tilsvarande behov.

Me må også ta med at lag og foreningar låner lokalet til møter og arrangement. Utan eit slikt lokale vil frivilligheten få langt vanskelegare kår i vår del av kommunen. At den frivillige sektoren er av stor betydning for alle kommunar seier politikarane våre ofte. Og fattige kommunar har spesielt stor nytte av han. Så nå får me håpe på at dei viser si støtte gjennom handling, ikkje bare med godord.

Viss ein forsøker å sette verdi på dei mange fordelane Lundetunet utgjer for lokalmiljøet og så gjer ei enkel kost/nytte-analyse, så trur eg fortsatt drift vil stå seg godt.

Nedlegging av bibliotekfilialen vil også få uheldige konsekvensar. Ikkje bare at nær halvparten av Nomes befolkning i realiteten blir uten bibliotek, men at det blir nærmast umulig for Lunde 10-årige skule å drive god undervisning; få god leseferdighet og auka leselyst blant elevane. Å reise med ei skuleklasse ned til Ulefoss, eller etablere eit bibliotek på Ajertangen, vil bli kostbart. I dette tilfellet vil nok også vinninga gå opp i spinninga. Dessuten: Sentralisering og nedlegging har me fått nok av!

Det må da vera noko anna å stramme inn i og kutte ut? Kva med å starte med å legge seg på same nivå som i Midt-Telemark kommune når det gjelder politikaranes avlønning og møtegodtgjeringar? Eg meiner å minnast eit stykke her i Kanalen etter forrige kommunevalg om at Nomepolitikarane var vesentleg dyrare i drift enn dei i nabokommenen. Alle monner drar.

Så  kort om privatisering av nokre private vegar. At Nome har tatt på seg vedlikehaldet kan me vera stolte av. Dette gjer sitt til at også utkantane er levelege gjennom eit heilt liv. Eg har nevnt det før: Kva med å ta ei passande lita vegavgift av dei mange som får «sine» kommunale vegar brøyta av kommunen? Dette vil vel ikkje vera noko urettferdig sammenlikna med dei som alltid har kosta sine vegar?

Liv og Harald Ovenstrøm