Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening
Etterpåklokskap
I meir enn femti år har eg skrive lesarinnlegg i Kanalen, Bø blad, Varden og Telemarksavisa.
Det meste er klipt ut og har blitt ein lurvehaug av varierans kvalitet.
Verst er vel det eg skreiv frå folkeavstemminga om storkommune: «Stemmer du nei til Nome i storkommune stemmer du samtidig ja til mange magre år for bygda». Ettertida har synt at det er feil, særleg det å spå om framtida. Ironisk nok er dette einaste gongen eg har vore på fyrstesida i Varden.
Sjøl om eg ikkje har skrive så ofte har det blitt ein stor papirhaug. Ved stikkprøver ser eg at skrivinga ofte er dårleg, noko middels og ein sjeldan gong blink. Så blind høne kan au finne kønn.
Om meg sjøl synes eg det passar å skrive som Ludvig Holberg skreiv om ein kjenning: «Han syntes født til bagateller, og noget stort han blev ei heller».
Grunnen til at eg skreiv? Eg har vel vore meir enn vanleg samfunnsinteressert, særleg lokalt. Blanda med narraktighet og lyst til å stikke meg fram. Eg har vel au vore meir solo- enn lagspelar. Viktigast er at eg bestandig har hatt lyst til å leike med ord, setningar og begrep.
Før eg sett punktum vil eg be om forlatelse viss eg har fornærma nokken på vegen. Eg har prøva å skrive rett fram i ein litt humoristisk innpakning. Men det er kort veg frå humor til ironi. Det som var moro for meg var kanskje det motsatte for andre. Det er eg lei meg for.
Eg vil au takke avisredaksjonane for velvilje og hjølp undervegs.
Eg lever på overtid, og evner og dømmekraft er sterkt redusert så det er på tide å slutte å skrive. Leiken med ord er over, eg er utskriven. Takk for meg.
Sveinung T. Børte